Ungdomsskulen


Ungdomsskulen på Tryggheim Strand har si eiga avdeling i øvste etasje i bygget. Her er det klasserom, grupperom og ei formidlingssone med småbord eigna til gruppearbeid eller spel og ei sofarekkje. Ungdomssskuleelevane skal merke at dei er eldre enn dei andre og får med det større fridom, men òg meir ansvar. I enkelte av friminutta kan ungdomsskuleelevane vera inne, i andre friminutt må dei ut. Då er bordtennisbordet flittig i bruk, men ein del nyttar òg høvet til å spele fotball med dei yngre elevane i ballbingen. Både små og store elevar har stor glede av det!

10. klassingane reiser på klassetur på hausten i 10. klasse. Dei siste to åra har dette vore kjekke Noregsturar med mange utfordringar som rafting, klatring og fjellvandring. Tidlegare har turen gått til Spania, og det er håp om at dette snart vil la seg gjere att.

Kvart 3. år får to av ungdomsskuleelevane høve til å reise til det landet skulen har valt som misjonsprosjekt. I 2019 gjekk turen til Peru.

Valfag

Skuleåret 21/22 kan elevane velge mellom praktisk håndverksfag, utvikling av produkter og tjenester (elevbedrift) og fysisk aktivitet og helse. Valfaget utgjer to timar i veka og her får du større moglegheit til å velge det som interesserer deg enn det du kanskje gjer elles i skulekvardagen. I praktisk håndverksfag har elevane mellom anna brukt tid på å lage grønlandsårer, smi knivblad og lage kniv, slakting og bygging av benker.

Spansk

Tryggheim Strand tilbyr spansk som språkfag. Her år du lære eit heilt nytt språk som det er gode mogleheiter til å praktisere og bruke, både i kvardagen, i feriar og seinare i livet. I 2020 gjekk to av elevane våre heilt til topps i International language competition.

Dersom du ikkje ynskjer å ha spansk på timeplanen er det mogleg å vbelge arbeidslivsfag i staden for. Her blir du introdusert for arbeidslivet, får kjennskap til mange ulike sider ved det å vera i arbeid og er sjølv utplassert for å få arbeidserfaring.