Juliaca


Mandag morgon kl 07.00 satte me oss i minibussen med nasen mot Juliaca. Foran oss hadde me ein biltur på ca 5 timar inkludert stopp og me var heldige å ha med oss Ingebjørg på heile turen i Juliaca.  Turen frå Arequipa til Juliaca går gjennom fint landskap. Langs vegen fekk me sjå flokkar med alpakka og lama, samt Vicuña. Alpakka har folk som oppdrett og var i følgje med ein gjetar. Vicuña derimot er ville dyr. Vicuña har det tynnaste og finaste garnet i verdag og dei er derfor veldig eksklusive. Dei blir fanga kvart 3 år og klipt.  Kiloprisen ligg på ca 5000 kr.

 

Opp mot Juliaca køyrer vi opp ein del høgdemeter, det merkast på kroppen. Me vart ganske tungpusta og måtte ta det veldig rolig når me bevega oss. Det høgaste punktet me stoppa på var på 4528 moh. Me kjørte og forbi ein steinskog, det var veldig rart. Det var masse steinar som berre stor der og rundt dei var det heilt flatt. Der måtte me stoppe å sjå.
Vel framme i Juliaca vart me innlosjert på CLET. Det er bibelskulen til den lutherske menigheita. No er det sommarferie i Peru, og det var sommarbibelskule på området.  Det er elevar frå ca 18-30 år som er på bibelskule i sommarferien. Dei bur på internat her og går på bibelskule. Sidan  det er sommar, er det og regntid og det var veldig varierande vær. Frå ca 22 grader og sol når me kom, til regn, haggel, lyn og torden 1 time etterpå. Det vart ein kort middag/kveldsmat i matsalen her før me skulle vidare.
Ingebjørg hadde avtalt eit møte med  Eva. Det er ei lokal kristen dame som er aktiv i kyrkja her. Ho er brennande kristen og har eit varmt hjarte.  Ho vaks opp i ein katolsk heim, men blei kristen ved at ho fulgte broren til søndagsskulen utan at foreldrene visste at det var ein kristen søndagsskule. Ho tok oss med til Cristo Blanco statuen og fortalte oss mykje om korleis tru og religion er i Peru. Dei fleiste Peruanarar vil sei at dei trur på Gud, men blandar gammal folketru, katolisisme og kristendom. Ein kan sei at dei ser evangeliet som gjennom ei tåke. Cristo Blanco statuen står på ei høgde i byen. Veldig mange går på toppen og ofrar til moder jord ved kristus-statuen.
Tysdag skulle me på dagstur til Titicacasjøen.  Me køyrde 1 time til byen Puno ved Titicaca, og reiste med båt for å sjå på sivøyene og Taquile.
Det var ein turisttur, og me fekk sjå korleis dei tradisjonelt sett har budd her.  Sivøyene er små flytande øyer laga av siv, der dei bur i sivhus. Dei tilhører Aimara-folket og snakkar Aimara. No lev dei av turisme og bur/kler seg slik die gjorde frå gammalt av.  Me fekk komme på land på eit par av øyene og sjå korleis dei budde. På kvar av øyene bur det ca 4-5 familiar i kvart sitt lite stråhus. Dei har og skule og barnehage på nokre av øyene.
Midt ut på Titicaca ligg øya Taquile. Dei er og av aimarafolket. Området er sterkt prega av turisme, men me fekk og sjå korleis dei budde og dreiv med jordbruk.  Frå Taquile kunne me og sjå inn i Bolivia.
Tilbake i Puno traff me John, pastoren i kyrkja der. Han har gått på Setela før han kom til Puno for å vere pastor. Han kunne fortelje oss om arbeidet i byen. Det var spennande å høyre på. Det var mykje arbeid både blant unge, eldre og studentar i byen. Puno har eige universitet med fleire tusen studentar. John tok oss og med til kyrkja der me tok eit par lovsangar på spansk. Ver med å be for John og arbeidet i byen. Be om at fleire skal bli kristne, og be for utfordringane i pastorjobben.  I området Puno skal det og byggast ein leirplass. Det er ein del av misjonsarbeidet retta mor Aimarafolket. Vær med å be for dette arbeidet også.
I Puno fekk me og moglegheita til å smake på lokal mat.  Marsvin «Coy» og ein type svart potet vart smakt på med stor skepsis. Ikkje alt fall i smak. Den svarte poteten er ein peruansk spesialitet frå Inka-tida. Den redda dei frå å døy ut fordi den kunne lagrast kaldt og innheld mykje stivelse.
Onsdag morgon, tidleg oppe som vanleg, rakk me å sjå oss litt om i Juliaca før bussen gjekk mot flyplassen. Me hadde ei oppleving igjen på lista: Mototaxi rundt kvartalet. Me rakk og ein tur på næraste kiosk for å kjøpe Inka Kola som skulle i kofferten. Me har hatt to fine døgn i Juliaca. Me har hatt godt fellesskap oss i mellom, møtt flotte folk og sterke vitnesbyrd og blitt kjent med korleis folk lev i Juliaca. Høgden har me og merka. Juliaca ligg på 3825 moh, og me har prøvd å bevege oss sakte for å ikkje bli sjuke av høgda. Nokre vonde hovuder har det blitt og nokre har gått på ein liten smell etter å ha sprunge opp trappa.
No er me tilbake på flyplassen i Lima og er på veg tilbake til Noreg. Me er takknemlege for ein flott tur og sitt igjen med mange inntrykk. Møte med misjonsarbeidet, lokale folk og vitnesbyrd her i Peru har gjort inntrykk på oss. Me kjenner og at Gud har vore med oss på reisa. Me har holdt oss friske, sove godt og følt oss trygge på turen, Alt eit godt utgangspunkt for ein flott tur. No gler me oss til å koma heim og dele meir frå turen med resten av skulen.