Frå bokstavar til rim og dikt


Dagen er i gong og det er norsk som er faget for timen. Det sit spente elevar på stolen og lurer på kva ein skal til med i dag.

I dag skal me ha stasjonar. Jubelen står i taket for stasjonar er det kjekkaste me veit :).

På ein stasjon skal me høyra dikt som er skriven av Andre` Bjerke og Inger Hagerup. Rim og dikt er “løye” me kan laga så mykje tøys, kjem det spontant frå ein elev.  På den andre stasjonen skal ein henta bokstavar og skriva ord og på den tredje stasjonen skal ein finna ut kva for bokstavar som høyrer saman. Ivrige elevar fordeler seg i grupper og stasjonsundervisning kan starta. 

Det blir nesten heilt roleg i klasserommet, berre ivrig kviskring og fnising medan dei høyrer på dikt, hentar bokstavar og skriv ord.