Vegen til Betlehem 2019

No er årets julespel vel overstått og roen har igjen senka seg i klasseromma på aktivitetshuset.  Gjetarstavane, englekappene, krona til Herodes og krybba til Jesusbarnet har havna på lageret igjen. Stallen og dei andre kulissene er stabla saman og me er ganske tilbake til normalen. Går du i gangane her kan du likevel merke det. Barn, ungdommar og vaksne som nynnar forsiktig på songane. Smil, latter og takknemligheit fyller gangane. Me er glad i, og stolte av elevane våre!
Onsdag hadde me ei flott framvising for ca 350 foreldre, søsken, ukjente og kjente venner, og tradisjon tru inviterte me klassar frå Tau skule og førskulegruppene til framvising.   Det var mange spente skodespelarar, crew og solistar etter nokre vekers førebuing, og dei blei godt teken imot av publikum. Tusen takk til alle som kom og såg på! Me er glade for å kunne gje det glade bodskap vidare til alle som kjem å ser på, og fokuset me kan ha no i adventstida. Takknemlege er me og for at me kan nå kompetansemål i fleire fag gjennom arbeidet med julespelet. Elevane har gjort ein formidabel jobb med innøving av replikkar, songar og andre førebuingar.
Nytt av året er julemarkedet me hadde før julespelet. Alle elevane og ansatte har vore med og laga ting som me har solgt til inntekt for årets misjonsprosjekt. Dette var suksess, både under gjennomføring og forberedingar! Me samla inn heile 10.000 kr til prosjektet i Sør-Amerika. Takk for alle som kjøpte med seg nydelege håndlaga produkter heim  til jul.  Meir info om årets misjonsprosjekt kjem ut på nyåret.

Igjen – tusen takk til alle som tok turen til årets spel!

I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hos Gud.
Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska.
Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
Joh 1, 1-5