Reisebloggen -Spaniatur 10.klasse 2018

Endeleg kom dagen, 15.oktober 2018. 10.klasse på Tryggheim Strand og 2 lærarar stod ekstra tidleg opp for å bytte ut ei skuleveke i 10 grader og regn med 24 grader og sol.
11.05 var det avgang frå Sola til Alicante, me var beinklar!:) Badeshortsen og Chromebooken va med i kofferten. Drygt 4 timar i fly gjekk med til leseprosjekt, søvn, film og underhaldning av ein baby me sendte rundt på.

 

Varmen slo i mot oss når me gjekk ut av flydøra, no var det bare å finna fram shortsen.  
To leigebilar venta på oss på flyplassen og når me bare fann startknappen på bilen var me klar for å cruise opp Costa Blanca til Alfaz Del Pi, og Centro Sarepta, der me har basen vår for opphaldet.

Med Wifi-passord på plass roa pulsen seg, me fekk fantastisk middag med is til dessert. Me rakk til og med å utforska livet i Alfaz Del Pi før det blei mørkt. Dagens siste aktivitet var utprøving av bassenget. Det var best egna til leik og moro.

Vi har allereie kome til dag 2. Dagen starta med frukost 08.30, før det var tid for å setje seg på skulebenken. Me har jo bare flytta klasserommet litt denne veka, me har nye mål me skal læra denne veka. Fokus i dag var samfunnsfag, fleirkulturelle samfunn, utfordringar og mogelegheiter. Me fekk undervisning om Spania og me måtte fram med Chromebooken. No skal det skrivas oppgåve om turen og Spania, mobilane må fram, det må knipsas bilder, og alt skal dokumenteras.

“After Lunsj” aktiviteten i dag var utflukt til Villa Joyosa og “Insta-moments” på  rekkje og rad.

Me fekk omvising på den store sjokoladefabrikken Valor. Høgdepunktet var siste stopp med sjokoladesmaking. Der kjente me at “less is not more..”

No har me hatt middag, me har bada, lest i boka som norsklærar sendte med oss, hatt kveldssamling og toppa kvelden med ein tur på Macern. Alt er tipp topp, wifi-nettet held fortsatt.

To be continued…