Reiseblogg del 3

Kl. 08.00: Regn…WHAT?? “Men me e jo i Spania!!!” Ja, ja.. Frukosten kunne likevel inntas ute. Merke og at det tar på for enkelte å være på tur, ikkje alle greier å komme seg opp til frukosten lenger. Men kva gjer vel det når rommet er fullt av 2liters flasker med Cola og Red Bull boksar.;)

Nokre minutt på overtid, var likevel klassen klar for matte undervisning, tema budsjett. Største aha opplevinga var at 30 % av inntekta går i skatt. Etterpå fortsette Jan Tore Olsen med kristendom/bibeltime. Tema i dag var som i går, Jesus i det gamle testamentet. Vi fekk høyre om korleis korset som symbol gjekk igjen i ulike handlingar i GT, som handla om ureinheit og reinsing frå synd og skuld. Eit eksempel, var korleis stammane som var på vei frå Egypt til Kaanans land, laga ein leir rundt tabernaklet, som ovan i frå såg ut som eit kors.

Før lunsj var det heldigvis tid til ein rusletur til supermarknaden for å handle inn meir søtsaker og Shweppes lemon.

Etter lunsj sette me oss i bilane og reiste som turistar til Guadalest og Altea, med Arild Melberg som guide. Honoraret han fekk var eit glass med appelsinjuice i Altea. Guadalest er ein gammal fjellandsby som ligg på 600 moh, og er ein av dei meste besøkte i Spania. Dei kvite små husa og tronge gatene, som for det meste består av souvenirbutikkar og restaurantar, klynge seg fast under ein fjelltopp med ei gammal borg, som var bygd på 700-talet av Maurerane. Ein fin, gammal og ganske spektakulær plass, som var vel verd eit besøk.

Neste stopp var Altea og gamlebyen der, som også er eit ynda turistmål på Costa Blanca. Her tok Arild oss med opp og ned, og rundt i små og tronge gater. Det var riktig så idyllisk i dei steinbelagte gatene og små kvite husa. Me tok ein haug med bilder av byen, havet og nydeleg utsikt. Var også godt å setje seg ned på ein uterestaurant og ha seg ei iskald cola eller fanta i varmen og sola, som igjen viste sitt varme og blide åsyn på Tryggheim gjengen.

Det einaste som då gjenstod for å komme seg attende til Centro Sarepta, var å komme seg gjennom Spanias mest kompliserte rundkjøring/lyskryss. Ingen forstod noko, men me kom heilskinna gjennom.

Etter ein god middag, Tortilla potatas, ein spansk spesialitet, hadde vi vår eiga kveldssamling, med fokus på dårlig undehaldning på TV, korleis lar me det påverka oss.