Mollendo – Campel

I dag vart me vekt kl 05.30 og me skulle avgårde til Mollendo. Me tok lokalbuss. Det var ei oppleving av dei sjeldne. Eit nært møte med bytrafikken, mykje flott landskap og intimkonsert i midtgangen.   Spenstige vegar gjorde og turen meir spanande.
Etter ein 2 timars lang busstur ankom me byen Mollendo. Den ligg nede ved kysten med stillehavet som næraste nabo. Her har den lokale kyrkja ein leirstad det brukar å vere leiar på no i sommarferien. Me Var så heldige å få vere med på ungdomsleir.
Då me kom fram var det full fart å finne fram badetøy, solfaktor 50 og sandalar. Me skulle ned til stranda! Der vart det bading i bølgjene og fotball i sanden saman med ungdommane. Gradestokken viser oppimot 30 grader og det kjenner me godt.

Resten av dagen har me vore med på programmet her på leiren, og samtidig fått snakka litt med misjonærane som er med å leder. Det er spanande å få høyre om arbeidet som blir gjort her.
Me er innlosjert med leirdeltakerane. Synne og Ivar søv på kvar sin sovesal med leirdeltakerar, og me vaksne har fått ei eiga lita hytte.  Me er takknemlige for at me er friske og at alle trivst!
Anbefaler alle å sjekke ut instagramkontoen til skulen for meir bilete og film frå turen.

Hasta la vista!