LekseFRISK

 

Det starta med frustrerte elevar, så kom eit brev og det har endt med ei forandring for heile skulen.

Ei rot til konflikt i alle heimar, ein diskusjon som stadig er opp i media og ei kjelde til engasjement når me skriv argumenterande tekstar i norsktimane. Lekser. Dei har alltid vore der, og dei er eit fast innslag kvar ettermiddag i alle familiar.

Denne hausten har me hatt ein grundig prosess der lærarane, leiinga ved skulen, elevane og FAU har arbeidd med kva fokus me skal ha på lekser framover. Bakgrunnen for prosessen var eit initiativ frå 7. trinn.

Elias fortel: – Det starta egentlig med at eg synes at lekser var kjedelig. Du veit den følelsen når du kjem heim frå skulen og tenkjer: Yes, eg er ferdig med skulen! Men så er du ikkje ferdig før du har gjort leksene, og så har du dei hengjande over deg.  Me spurte om å få skrive eit brev til rektor i norsktimane, og skreiv eit brev saman, med hjelp av læraren vår,  om kvifor me ikkje bør ha lekser. 

Fleire skular i Noreg prøver no å vera leksefri, fleire av desse med godt resultat. Me har landa på at me skal ha eit prøveprosjekt som me kallar LekseFRISK. 

Fag – LekseFRISK skal auke motivasjonen hjå elevane og gje meir tid til anna læring på fritida. Det er mykje læring i mykje at det elevane gjer etter skuletid og me ynskjer å løfte fram verdien av dette.

Relevans – Dei leksene som blir gitt skal vere relevante.

Innhald – Leksene i lekseFRISK er begrensa og med ulike behov og fokus på trinna. Leselekser, gloseøving eller omvendt matematikkundervisning.

Samarbeid heim-skule – Det er viktig at foreldre følgjer med på kva elevane lærer, og vekeplanen skal gje eit godt bilete av kva elevane arbeider mot kvar dag.

Kompetanse – Målet med dette prosjektet er auka kompetanse hjå elevane.

Så langt i år merkar me positive elevar, foreldre og lærarar, og me gler oss til fortsettelsen.