Leirlivet II

Her i Peru ligg me ikkje på latsida. Første bibeltime i går starta kl 07.00. Me gjekk i grupper og snakka om Dina frå 1. Mosebok.  Det var veldig interessant. Etter spinathamburger og kakao til frukost var det ny bibeltime på spansk. Me fekk oversetting på øyret av Ingebjørg og Ragnhild. Temaet for bibeltimen var kjønnsidentitet, og korleis kyrkja forholder seg til det.  Me opplevde forkynninga som veldig aktuell, og det var gode, spanande tema. Hovudtemaet for heile leiren var Kven er eg?

Denne dagen bøy Stillehavet på enorme bølgjer! Me kosa oss med både frivillige og ufrivillige dukkertar.  Etter middag var det fellestur til eit offentlig badebasseng, tur til eit utsiktspunkt og 5 km gåtur tilbake til stranda. Sistnevnte førte til nokre opphovna bein. Mange av deltakerane på leiren var frå innlandet i Peru og kunne ikkje symje, Ivar imponerte med saltostup og svømmeferdigheter.  Kvelden vart avslutta med lovsangsmøte, bålkveld med leikar og vaffelfest. Dei døgnville nordmennene måtte kaste inn håndkle og krype til køys før festen starta.
Spansken har blitt heftig praktisert og undommane har lagt til eit par nye på snapchat. Ivar og Synne har fått mange nye Peruanske vener som dei desverre måtte ta farvel med. Me har og smakt mange nye drikker som minner mistenkelig mykje på gløgg. Etter dagens møter, restefest til frukost (pizza og vafler) og strandtur var det nemlig tid for å pakke ut og sette oss på bussen tilbake til Arequipa. Leirens høgdepunkt var lovsangen, volleyballspelinga og energien blant ungdommane. En positiv stemning prega heile leiren! Deltakarane var delt inn i grupper på leiren, som kvar hadde sin gruppeleiar som var med dei heile tida.
Nå er me tilbake hja kvar våre misjonærar og er klar for å roe ned her i byen i 3 dagar. Her skal me få sjå litt av byen og arbeidet som blir gjort her.