Klar, ferdig, misjonsprosjekt!!!

 

Tenk forrige skuleår samla me inn heile 200.000 kr til Vest Afrika! For nokre engasjerte elevar me har. Årets misjonsdag blir ein tanke annleis enn tidlegare år, men me let ikkje koronaviruset hindre oss i å samle inn pengar til det aller viktigaste. Misjonen er inne i ei krevjande tid økonomisk, og me på Tryggheim Strand, er så heldige at me skal få vere med å bidra til at evangeliet om Jesus når langt utover Noregs grenser. 
I januar fekk me sende to elevar og to vaksne frå skulen vår på misjonsprosjekttur til Peru. NLM har hatt arbeid i Peru og Bolivia sidan 1978. I dag er mykje av arbeidet i regionen fokusert på leiaropplæring og bibelundervisning. De skal få bli betre kjent med misjonsprosjektet vårt framover. 
Me kjem til å samle inn pengar gjennom heile våren som ligg føre oss. Allereie denne veka startar me opp med ei lita utlodning på Instagram og Facebook.  1 lodd kostar 10 kr, og ein kjøper lodd ved å vippse til nr. 524254. Kommenter med navnet til den som kjøper loddet når du vippsar. Ein kan kjøpe lodd frå måndag til torsdag, og kvar fredag vert det trekning. 
Elles må de allereie no setje av torsdag 4 juni. Då går årets misjonsløp av stabelen. Mest truleg må me springje individuelle løp, men springje skal me i alle fall få gjere! Me kjem attende med meir informasjon om løpet når det nærmar seg.
«Eg har fått all makt i himmel og på jorda. Gå difor ut og og gjer alle folkeslag læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halde alt det- som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Matteus 28. 18-20.
Me gler oss til å kome i gong med innsamlinga, og håpar på god respons frå dykk.
Sjekk ut første utlodding denne veka på Instagram og Facebook

 

 

Er du med?