Bokveka startar neste veke

20151013_154001-01

Hausten har kome, og kva er betre enn å sette seg ned med ei god bok foran peisen? Eventuelt pulten? Neste veke er bokveke på Tryggheim Strand, og no ladar vi opp og tingar både nye og gamle bøker frå Biblioteket, skjønnlitterære som faglitterære verk. Noko av lesestoffet vi får er òg direkte relatert til fagstoffet vi har om i til dømes samfunnsfag, naturfag, eller andre fag.

Auka læring, leselyst og leseglede, er utbyte vi vonar at elevane sit igjen med.

Fortsetjing følgjer!