Høyrde du ljomen av heiarom langs grasbanan på Tau i går? Då var det nok oss du høyrde. Det var nemleg eit av årets mest verdifulle arrangement her på skulen i går. Det var årets misjonsløp som gjekk av stabelen.
Vanlegvis er det ein dag åpent for vener og familie. Vanlegvis er det misjonstivoli, matservering, småsysken og besteforeldre. I år stod vi for all moro og innsats sjølve. Kanskje var du ein av dei som høyrde ljomen av oss og lurte på kva i all verda me holdt på med. Me sprang runde etter runde og gav alt. Me stod langs løypa alle man alle og heia fram kvar enkelt. Og me samla inn bøttevis med pengar til NLM sitt arbeid i Peru og Bolivia.
Det er noko med det å springe for ei viktig sak. Det er også noko heilt spesielt å springe når 8.-10. klassingar står å heiar fram dei yngste - og omvendt. For ein elevflokk me har. Me er stolt av dei!
No gjenstår berre det store spørsmålet: Kor mykje klarer me å samle inn til misjonsprosjektet i år? Etter misjonsløpet reknar me med at det har kome inn ca 182 000 kr, berre på misjonsløpet over 100 000 kr. Dette er heilt enormt!
Oppdatering!!!
No har pengane frå misjonsløpet starta å renne inn, og me har bikka 210 000 kr innsamla. Det er heilt enormt! Tusen takk til alle elevane som har stått på å samla sponsorar, tusen takk til alle som har sponsa, tatt lodd og bidratt med anna til misjonsprosjektet.
Det var kjempekjekt å springe misjonsløp. Eg spang mange rundar saman med Simen. Me sprang for å samle inn pengar til Peru, så dei kan lage ny leirplass.
- Eliah Holta Tytlandsvik -
Eg er kjempeførnøgd og stolt av heile gjengen! Eg syns det er ekstra kjekt å sjå på samhaldet det skaper mellom elevar og oss i personalet. Det er rørande å sjå korleis elevane heiar kvarandre i mål.
- Brynhild Samuelsen -