Vi har ledige stillingar!


Vi treng fleire med på laget!

Tryggheim Strand er ein kristen barne- og ungdomsskule på Tau, i Strand kommune, med 116 elevar på 1.-10. trinn. 

Det er ei glede at vi er i vekst og utover hausten og vinteren treng vi fleire dyktige folk til både skule og SFO, som ønskjer å vere med å gjere ein forskjell. Vi treng:

  • Lærarar, opptil 180%
  • Miljøarbeidar/miljøterapeut
  • SFO-medarbeidar.
    – Miljøarbeiderstilling kan også vere i kombinasjon med SFO.

Stillingane blir lyst ut som vikariat, men det er moglegheiter for forlenging og på sikt fast tilsetjing. Vi er fleksible både på fagkombinasjonar og oppstartstidspunkt. For lærerstilling er tilsetting aktuell frå januar.

Me ynskjer lærarar som:

  • er dyktige og tydelege klasseleiarar
  • kan vera kontaktlærar
  • har ein breidde i undervisningsfag
  • er gode til å byggje relasjonar til elevar og kollegaar
  • er fleksible og er gode til å samarbeide
  • kan bidra positivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen

Me ønskjer miljøarbeiarar i skule og SFO som:

  • er tydelege og omsorgsfulle vaksne
  • er gode til å byggje relasjonar til elevar og kollegaar
  • har klåre og tydelege forventningar til seg sjølve og andre
  • er fleksible og gode til å samarbeide
  • trivst med ein hektisk kvardag

Kvalifikasjonar:

  • formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule gjeld for lærarstilling
  • den som vert tilsett må leggje fram politiattest
  • Me legg stor vekt på personlege eigenskapar

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og kristent menneskesyn.

Vi forutset at søkjar identifiserer seg med måla og verdiane til Tryggheim Strand og kan arbeide aktivt for å fremje desse. 

 

Søknad sender du til post@tryggheimstrand.no

 

Ikkje nøl med å kontakte oss om stillingane, tlf. 51290129

Kanskje er det faktisk dette du skal!:)

Kontakt gjerne rektor Brynhild Samuelsen ved spørsmål, tlf. 404 93 554.

Søknadsfrist: snarast mogleg, innan 15. september 2025