Spania dag 3!
Den andre heile dagen er over og me er no blitt ganske varme i trøya – eller i sommarkjolen. Det er fint å sjå at elevane viser omsorg, tar vare på kvarandre og har det kjekt i lag! Me er heldige som får vere på tur med denne flotte gjengen!
Dagen starta med ein god frukost. Me får god mat og godt stell her nede i varmen. Det setter ein ekstra spiss på opphaldet. Så takk, personalet på Centro Sarepta!
Me var som vanleg med på morgonsamling på norsk og spansk.
Me lærte songen «Jeg har sett den åpne kilde» på spansk. Koret starta med «Adorable». Tenk så flott. Me skal få lov til å prise Gud – lovsynga Hans navn for alle dei velsigningane som kjem i vår vei!

Etter ein god og varm lunsj så tok me beina fatt og vandra ned til Albir for å urbanisere oss – nokre bada i sjøen, nokre shoppa litt, andre tok seg ein liten matbit i lag. Dei fleste var innom «den der ku-butikken». Så kan de der heime fundere på kva i all verden det er for ein butikk. Og nei, det er faktisk ikkje Felleskjøpet.
Me rakk heim til nok ein god middag og resten av dagen har me brukt til å lade batteriene og samle krefter til morgondagen – for då skal me på tur til Valencia! Det bler stas!
Me har kvar kveld samlingar der me tar ein runde der alle seier noko som dei er blitt takksame for. Alle seier noko – så flott! Det er nesten på grensa til rørande å høyra på. Me er heldige!
I dag snakka me også om kva me lar oss påverke av. Kva er det me ser på? Kva verdiar er det som bler formidla? Viktige ting å tenke på – både for elevane og oss vaksne!
Me kan sitera Olav: «Slutt å sjå på alle andre sitt liv. Gå og lev ditt eige liv». Slettes ikkje så dumt sagt.
Så får me sjå kva torsdagen vil bringe. Då skal me jo som sagt til storbyen Valencia. Kanskje denne korte limericken er aktuell:
Til storbyen drog me avgårde
Så beinklare, kule på håret
Begeistring så stor
Sendte vippskrav til mor
Berre glede og ikkje ei tåre
Stay tuned – så det heiter på nynorsk – for fleire innlegg frå Spania. Ver gjerne med og be for ungdommane og resten av turen også.
Adios 


