Fredagen starta, som seg hør og bør i Spania, med solbriller på og frukost i hagen. Nokre sat og gnei søvnen ut av augo, medan andre alt hadde fått varmen i kroppen. Men dei aller ivrigaste? Dei hadde då vore på tur lenge før, i mørket la ein liten gjeng ut for å bestige Puig Campana, 1400 meter rett opp, heilt klart for dei spesielt interesserte.
For oss andre vart morgonen rolegare, med siste bibeltime på turen. Tema: sanningar i kristen tru. Denne gongen handla det om kvifor Jesus døydde på krossen, at han både vart drept, men samstundes var villig til å døy i vår stad. Eit hjarta må bli gitt, det kan ikkje bli tatt.
Klokka 11 rulla bussen inn, og Pato tok oss med til La Marina i Benidorm. På La Marina fekk elevane nok ein gong teste shopping kondisjonen. Nokre følte seg ferdige med handlinga etter gårsdagens tur til Valencia, medan andre gav euroen bein å gå på! Stemninga starta på topp allereie på bussturen når elevane spelte musikk på sjølvbragt høgtalar og allsong. Amalie og Rannveig blei overraska av musikkvalet til elevane, då dette var musikk som hadde si storheitstid i byrjinga av 2010-talet. Det er som ekspertane seier – trendane kjem tilbake! Etter ein kjapp busstur var tida komen for å utforske kjøpesenteret og tilboda i nærleiken. Dei fleste av elevane traska rundt på senteret i fleire timar, men nokre tok turen til eit bilmuseum rett ved. Her var det utstilt biler frå kjende filmar – blant anna den kjende “Back to the future” bilen – og klassiske bilar frå forskjellige tiår. De som besøkte museet var meget nøgde, og kunne melde om ei kjekk oppleving.
Rett utanfor senteret kunne ein også finne den verdenskjende gourmet-restauranten KFC. Forventningane var skyhøge då elevane stilte mannsterke opp og bestilte alle delikatessene dei hadde høyrt så mykje om på TikTok. Spenninga var til å ta og føle på og kamera rulla då dei sakte men sikkert løfta kyllingvingane mot munnen for fyrste “taste-test”. Knaset dei forventa frå den sprøstekte kyllingen lot imidlertid vente på seg – dette var nemleg ein stor skuffelse. Smaken var ikkje god, og maten hadde heller ikkje den verdskjende sprøe utsida elevane var blitt førespegla gjennom sosiale medier. Det var dermed ein gjeng skuffa elevar som møtte opp på bussen igjen etter nokre timar med utforsking.
Etter utflukta tilbrakte vi resten av dagen på senteret, kor elevane fekk slappe av og symje i bassenget. Før middag rakk heile 14 elevar + 1 lærar å gjennomføre symjeopplegget KRØ-lærar Stine sendte med oss. Då skulle elevane finne ut kor langt dei kunne symje på 20 minutt. Elevane imponerer! Til nå er rekorden 860m på 20 minutt – det er bra! I morgon skal resten av gjengen ut i ilden, så då gjenstår det å sjå om nokon kan slå rekorden.
Til middag stod det spareribs på menyen. Etterpå vart kvelden fylt med leik i bassenget, sudoku, kortspel og pizza via Uber Eats – berre fordi vi kan.
Kveldssamlinga vart eit fint punktum for dagen. Der snakka vi om kva det eigentleg vil seie å vere ein kristen. Kan vi sjå det på folk? Kven vil dei vere etter tida på Tryggheim Strand? Korleis møter vi nye folk, og korleis vil vi bli hugsa? Ekte samtalar, med både djupn og ærlegheit.


No er det kveld. Vi fekk ein ekstra time å leike på før roen må senke seg over siste natt i Spania. I morgon må romma vere rydda og tomme klokka 10, og bussen hentar oss klokka 17. Det betyr mange timar til å snakke, le og pakke minner, og random ting frå ku-butikken.
No førebur vi oss på takeoff og på å sjå dykk heime i Noreg. Nokre vil heim til eiga seng, andre vil helst bli, men alle er einige om éin ting: dette har vore eit minne for livet.
Adios Spania!

