Spania dag 4!
Etter x antal timar skjønnheitssøvn og ein god frukost var det i dag tid for storbytur til Valencia!
Byen som er ørlite større enn både Jørpeland og Stavanger – faktisk er det Spanias tredje største by med over 800 000 innbyggjarar, berre slått av Madrid og Barcelona. Så her passar uttrykket «bønder i byen» som hand i hanske!
1 time og 45 minutt i buss gjekk lett som ein plett, og plutseleg ramla vi ut av bussen ved det ikoniske monumentet L’Agora og Museo de las Ciencias Príncipe Felipe. Om du les fort og samtidig er litt trøytt og ukonsentrert, klarer du kanskje å uttale det nokolunde korrekt!
Elevane fekk beskjed om «You’ll never walk alone» og la i veg mot det historiske sentrum, utstyrte med ei oppgåve der dei skulle innom fleire stader i byen og knipse ein selfie av gruppa når dei hadde funne fram. Snapchat-en gjekk varm, og det såg ut som dei klarte å finne fram i storbyjungelen!
Alle fann fram til rett stad til middag, og alle nådde avreise kl. 18 – som faktisk var på ein annan stad enn der vi vart sleppte av. Imponerande. Takk for ein kjekk dag i lag med denne flotte gjengen – vi er heldige!


Kanskje denne korte limericken kan oppsummere dagen her i sydlige strøk:
«Me takkar for turen me fekk
Med posar frå Primark, tasker og sekk
Mens læraren i bussen blogger
Chiller gutta med ullsokk og klogger
Bussturen heim går på nypumpa dekk»
Og turen er ennå ikkje over. Hipp hurra og halleluja!
Me takker for forbønn og gode ord frå dykk heime i Noreg! Ingenting gjekk gale. Me bloggast







