Ryfylkingar på tur til storbyen!
Torsdag er dagen. Ikkje for komla og kjøt, som for ein stor del av Noregs befolkning, men for storbytur til Valencia.
Valencia er ein skikkeleg storby. Ein god del hakk større enn både Jørpeland, Stavanger og Sandnes. Hakket meir pulserande enn Årdal og Helgøy også, sjølv på ein fredags ettermiddag når hyttefolket dundrar innover Ryfylke.
Det er berre Madrid og Barcelona som er større enn Valencia i Spania. Byen har nesten 850 000 innbyggjerar og har mykje å by på.
Me åt frukost på Centro Sarepta før me satt oss i minibussen og satte kursen mot Valencia. Køyreturen tar ca 1 time og 45 minutter og me ankom Valencia i sol og perfekt temperatur.
Me måtte først kryssa eit par gangfelt med slike trafikklys som lysar grønt når det er trygt å gå over. Berre det i seg sjølv er jo ein utfordring, særleg for oss som bur på dei forblåste øyane innover i Ryfylke. Men det gjekk helste godt og me vandra lenger og lenger inn mot gamlebyen.
Elevane får god trening i å orientere seg, bruke kart (digitale kart via Google Maps då, men kart er kart) og generelt seg finne fram i eit mylder av gater, kryss og mennesker. Det klarer dei med karakteren “meget bestått”. Dei fekk svidd av nokre kroner av avløyserløna, brukt opp reisepenger frå bestemor og testa sin eigen vurderingsevne for kva som er eit fornuftig kjøp og ikkje. Det kan vere nokre som les dette vil vere usamd med elevane i kva som er eit fornuftig kjøp når dei kjem heim, men det får de ta på kammerset i fredstid. Uansett: me har kost oss, ete pizza i lag og hatt ein meget fin dag i lag i Spanias tredje største by!
Rundt kl 20 kom me tilbake, og då var det sjølvsagt tid for å ta ein ørliten dukkert i bassenget.
Me er takksame for at me får moglegheiten til å reise her med elevane.
Takk til Centro Sarepta som tar så godt i mot oss. Takk til alle som ber for oss og vil oss berre vel. Takk til skulen og administrasjonen som ser verdien i at elevane får oppleve dette.
Og det beste av alt: me har jo ennå fleire dagar i vente her.
Me vil helse alle de der heime og me vil ynskje dykk alle lykke til når de springer etter bossdunkane som hauststormen har blåst over ende!
På måndag kan me hjelpe til, men før det så nyter me livet på solkysten i Spania eit par dagar til!
Hasta la vista!
