Etter snart 12 år i stillinga som rektor på Tryggheim Strand har Brynhild Samuelsen sagt opp stillinga si etter dette skuleåret. styret for skulen har arbeidd ei stund med å finne den som kan overta stafettpinnen etter henne og no kan me presentere gledelege nyhende: Rannveig Noraberg Sve er tilsett som rektor for Tryggheim Strand frå 1. august 2026. Ho er i dag kontaktærar og avdelingsleiar for ungdomsskulen, og skal stå i denne stillinga ut dette skuleåret. Me gler oss over å få ein varm, tydeleg, engasjert og inspirerande leiar, som kjenner skulen godt og som kan vidareføre og vidareutvikle det som Brynhild har fått vore med og bygge opp sidan skulen starta opp i 2014. Me ynskjer lukke til og Guds signing over dei spanande oppgåvene som ligg framfor deg!