
Ledig vikariat som lærar!
Tryggheim Strand er ein kristen barne- og ungdomsskule på Tau, i Strand kommune. Dette året har me 111 elevar på 1.-10. trinn.
Då ei av våre dyktige lærarar går ut i permisjon, søkjer me ein dyktig lærar som kan gå inn i eit vikariat i inntil 100% stilling på barneskulen frå 1. januar 2027.
Me treng ein lærar som:
- er ein dyktig og tydeleg klasseleiar
- kan gå inn som kontaktlærar
- har formell kompetanse i faga norsk og matte
- er god til å byggje relasjonar til elevar og kollegaar
- er fleksibel og god til å samarbeide
- kan bidra positivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar:
- formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule gjeld for lærarstilling
- den som vert tilsett må leggje fram politiattest
- Me legg stor vekt på personlege eigenskapar
Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og kristent menneskesyn.
Vi forutset at søkjar identifiserer seg med måla og verdiane til Tryggheim Strand og kan arbeide aktivt for å fremje desse.
Søknad sender du til post@tryggheimstrand.no
Kontakt gjerne rektor Rannveig Sve ved spørsmål om stillinga, tlf. 957 30 764.
Søknadsfrist: snarast
