Hausttur til Kaldavatnet


 

Torsdag 5. oktober var 1.-4. klasse på tur ilag. Vi fekk besøke hytta til Marit og Gunnar Soppeland og haustfjellet viste seg frå si beste side. Det var kaldt i veret, sola skein på toppane og frosten låg som eit teppe over det fargesprakande landskapet. Vi hadde ein fin tur inn til hytta kor vi grilla pølser på bål, fann bråbær, leika og hadde det fint ilag. Latter og glede, pølser og pinnebrød, nysgjerrighet og nye oppdagingar prega dagen og både store og små hadde ein flott tur.

 

IMG_1687 retusjert IMG_1649 kopi IMG_1611 kopi IMG_1602 kopi IMG_1573 kopi