Eit alvorleg tema


Tekst: Fredrik Sunnhordvik
Bilete: Ill.foto

Ekte personar med ekte historiar
Denne veka har vi på Tryggheim Strand vore så heldige å få besøk frå Serina Søyland Bru, flyktningekoordinator i NAV, og hovudpersonen; ein flyktning vi kan kalle “Jack” i denne artikkelen. Forteljinga til Jack gjorde stort inntrykk på alle som fekk høyra ho. Det var 4. – 7. klasse som deltok med store augo og mjuke hjarte.

Dette er deler av forteljinga til Jack, fritt referert, men det skal stemme nokså bra med kva han fortalte. Mogleg eg har bomma på nokon tall:

På flukt i tre år
Jack er midt i tjueåra. Han har flykta frå det diktaturstyrte heimlandet sitt, Eritrea – landet som av nokre er kalla Afrikas Nord-Korea. Jack var frå ein gards-familie, som ikkje nytta traktor men to oksar til å pløye med. Jack gjekk på skule, men det var ikkje alltid like enkelt når han samtidig måtte hjelpe til heime på garden. I Eritrea er det slik at etter kvart skuleår må elevane ta eksamen, ein prøve som skal sjå om dei er klare til å begynne i neste klasse. Dersom dei ikkje består denne eksamenen, så må dei gå skuleåret om igjen. Det betyr at nokre kan til dømes gå i fyrste klasse i mange år. Men då jack hadde gått alle årene på skule, og mangla berre siste året på videregåande, fekk han ikkje lov til å gå siste skuleåret, før han hadde tent i militæret. Det er berre det at dersom du tener i militæret, så slepp du ikkje fri. Løna er ussel, maten er begrensa, arbeidtidene er lange, temperaturen er høg, og fri kan du sjå langt etter. Å vere i militæret er altså nesten å rekne som slavearbeid.
Etter eitt år i militæret drog Jack heim til familien sin, men vart etter nokre månadar sett i fengsel. Eigentleg ikkje det vi kallar for fengsel, for i Norge har fangane mat og seng og det dei treng. Men fengslet Jack vart sendt til, var ein glovarm container i ørkenen, der han var innebura utan noko vindauge og utan toalett. Dersom ein måtte gjere frå seg, måtte det verta på golvet. Dette gjorde at mange vart sjuke og kasta opp, dersom dei hadde noko mat i magen til å kaste opp. Men kvar dag fekk dei ein einaste kort pissepause.
For at dei ikkje skulle stikke av, fekk dei ikkje ha sko på føtene sine når dei var ute på pause. Vaktane hadde våpen, i tilfelle nokon skulle stikke av. Ein dag hadde Jack bestemt seg for at sjølv om at han visste at vaktane ville skyte etter han viss han prøvde å røma, var det likevel verdt eit forsøk. Han og ein annan i same fengselscontainer som han, hadde bestemt seg. Dei ville forsøke. Då dei var ute for å pisse, i nærheten av ein skog, tok han og kameraten beina fatt og la på sprang, medan vaktane lyfta geværa og lèt kulene hagla etter Jack og kameraten. Men ved tilfeldigheiter eller englevakt, vert verken Jack eller kameraten hans råka av nokon av kulene. Og dei kom seg begge ifrå det med livet i behald. Men no hadde dei berre ørkensand foran seg. I to dagar og to netter var dei i ørkenen på grensa mellom Sudan og Eritrea, utan å kunne sove – for dei måtte vakta seg for ville dyr og kryp om natta. Ikkje hadde dei vatn heller. Og føtene deira var sundtrivne og blodige etter den ville flukta utan sko på steingrunn og over kvasse kvistar. Ville dei overleve, eller skulle dei dø i ørkenen?

I to dagar og to netter var Jack i ørkenen utan mat og drikke

I to dagar og to netter var Jack i ørkenen utan mat og drikke

Til alt hell fekk dei kontakt med ein bussjåfør, som gav dei skyss til hovudstaden i Sudan. Der vart kameraten til Jack verande. Men Jack reiste vidare nordover. Han hadde som litan gut fått nokre kjeks, som visstnok var frå Noreg. Draumen var å ein gong få dra til det landet som sendte lyspunkt i form av kjeks, inn i ein ellers så dyster kvardag. Eigentleg ein umogleg draum, men likevel ein draum han heldt fast ved. Etter fleire månadar i Sudan bestemte Jack seg for å dra vidare. Han fekk skyss med ein bil, ein pickup. Men han var ikkje åleine i bilen. Det vil sei; han var ikkje åleine på bilen. For sjåførane framme i bilen satt med våpen attmed seg, og i setene attmed sat to gravide damer. Bak på lasteplanet var det lasta med varer. Og oppå varene sat ein heil haug med folk. På den eine pickupen var det totalt 37 personar med på same tid. I tillegg var det endå ein pickup i reisefølget. Sjåførane kjørte fort, opp mot 100-110 km/t, og vegane var dårlege. Så fleire vart bilsjuke og kasta opp undervegs. Men nå sat dei så tett at dei som kasta opp, ofte traff den som sat foran eller bak dei. Sola kunne dei heller ikkje verne seg mot i varmen, anna enn med ei jakke eller kva anna dei måtte ha.
I den høge farten og på dei humpete vegane, kunne det òg vere vanskeleg å halde seg fast. Undervegs skjedde det at ein mann mista grepet, og datt av bilen i høg fart, i ørkenen – langt frå mat, vatn og skygge. Dei andre på bilen ropte inn til sjåførane, men dei brydde seg ikkje og kjørte berre vidare, og lot mannen liggja igjen for å døy.

Køyreturen til Libya varte i heile 7 dagar og starta omlag 7 om morgonen og varte til 5 på ettermiddagen, og på den køyreturen mista to av passasjerane livet. Om nokon passasjerar stilte spørsmål, vart dei berre møtt med kjeft og ein geværmunning. Eit framandt menneskeliv hadde inga verdi for dei.

Frå det eine belasta landet, til det andre

Frå det eine belasta landet, til det andre

No er det slik at Jack hadde endå ikkje kome seg i sikkerheit. For verken landet han rymte frå, eller landa han rymte gjennom, var trygge land. I Libya måtte han gøyme seg ilag med dei andre, i tredje etasje i ein bygning. For om nokon fekk vete at dei var ulovleg i landet, ville dei gje beskjed til myndigheitene i landet, som ville straffe dei.

Men Jack var ikkje komen til Libya for å verta teken eller for å gje opp. Han skulle vidare, nordover – mot Europa. Han ville inn i Europa gjennom Italia. Men einaste farbare vegen til Italia, var sjøvegen, men på denne årstida var sjøen så høg og farleg, at dei ikkje tore å leggja ut frå kai. Så Jack måtte venta til årstida ville lata dei dra.

Då tida endeleg var komen for å leggja ut på havet, med baugen mot Italia, var dei gjeve ein båt av menneskesmuglerane som skulle sjå til at dei kom seg umerkte over til Europa.
Båten hadde ikkje noko tak, men var på to etasjar. Ingen menneskesmuglerar var sjølv ombord i båten, berre flyktningar – fire hundre mann, alle menn.
Båten la frå kai klokka fem om morgonen. I underdekket var folk sjuke. Dei hadde inga utsikt og eksosen frå motorane gjorde dei sjuke. Klokka to på dagen, ni timar etter at dei hadde lagt ifrå kai, skjedde det forferdelege; midt ute på havet fekk dei motorstopp. Utan noko å ete, drikke, ingen årer å ro med, ingen hjelp, ingenting. Folk var frå seg av sorg. Nokre tenkte på dei der heime, nokre tenkte på sitt eige liv, og nokre mintes andre båtar som hadde gått ned midt ute på havet, med hundrevis av druknande passasjerar i vatnet. Skulle det bli slik med Jack òg? Jack såg fisk attmed båten, men dei hadde ikkje noko å fanga han med. Det såg ikkje lyst ut for dei.

Men ut av “ingenting” kom eit skip forbi. Det var eit skip ifrå kystvakta, som patruljerte havet på jakt etter forkomne båtflyktningar i havet. Redningsbåten gav Jack og vennene hans mat og vatn, og dei vart redda.

Endeleg var Jack komen til Europa – no kunne han søkje redning. Frå han først flykta frå Eritrea, til han tilslutt skulle nå fram til målet, tok heile reisa tre år. Ville han no møta den hjelpa han trong?

Vil du vere ein ven?
Her fortset forteljinga til Jack, men eg lèt ho få stå uskriven.
For Jack er no ein av fleire som har fått midlertidig opphald i Noreg, og han er plassert i kommunen vår. På spørsmål om han har nokon draumar eller visjonar, er han ikkje mykje i tvil: “Eg ynskjer meg jobb, og eit vanleg liv, som nordmann.”
Men noko alle treng, er eit nettverk, vener, nokon å prate med, gå turar med, nokon å hjelpe, nokon å få hjelp av, ein venefamilie.
Dette har no Strand kommune starta eit organisert initiativ til å ta tak i. Dei som ynskjer å hjelpe til med å vere ei støtte, ein støttefamilie rett og slett, kan ta kontakt med Serina Søyland Bru, og ho kan hjelpe til slik at riktig familie og riktig flyktning kan kome i kontakt med kvarandre. Slik kan familien verta ein “Strandaven”. Uforpliktande såklart, men likevel forpliktande. Vi har i løpet av kort tid fått fleire titals flyktningar til kommunen, som ikkje treng integrering – dei treng inkludering.

“Eg ynskjer meg jobb, og eit vanleg liv, som nordmann.”

Historia til Jack gjorde stort inntrykk på våre elevar. Dei fekk sjå at ein flyktning ikkje er ei overskrift, eit tal, ein statistikk, eit bilete i avisa – nei flyktningar er ekte personar med ekte historiar. Og sjølv om vi kanskje ikkje kan gjere stort for å endre forholda for alle i Eritrea, eller andre flyktningeland, kan vi gjere ein forskjell for livet for ein person, for dei som er komne til Noreg. Dei treng ikkje ei kald skulder, fordommar, forum-kommentarar, eller gode meiningar. Dei treng heilt enkelt ein ven. Vil du vere ein ven?

Isåfall kan du ta kontakt med Heidi i Frivillighetssentralen, på epost Heidi.RyghBowitz@strand.kommune.no, som kan gje informasjon og eventuelt sette deg/dykk i kontakt med flyktningar som treng ein ven.

Takk til Serina Søyland Bru, som velvillig stilte på skulen, for å gje oss eit innblikk i kva det vil seie å vera ein flyktning. Og takk til deg som tok deg tid til å lese dette. Det bevegde våre elevar. Kanskje det rører noko i deg òg.