10.klasse er i SPANIA!!!


Reiseblogg frå 10. klasse i Spania!
Me har det gullfint i Spania! Godt og varmt og god stemning!
Turen starta som den gjorde i 2025 – med at flyet var 20 minutter forsinka frå Sola. Men det gjorde ingenting. Me fekk litt medvind og var i Spania til oppsatt tid. På flyplassen venta ein triveleg spanjol ved navn Jose på oss, og plutseleg var me framme på Centro Sarepta, som er basen vår denne veka.
Tysdagen brukte me til å finne oss til rette, puste ut, og rett og slett nyte livet.
Bassenget blei brukt flittig og det blei også ein tur til butikkane i nærheten.
Om morgonen deltek me på møtene, der Johannes Kleppa har temaet «Frå det gamle testamentet til det nye testamentet». Elevane følger godt med og får positive omtale frå dei andre som er her på senteret – det er jo kjekt!
I morgon skal me på dagstur til Valencia, så
då har me nok mykje spennande å fortelje!
Hugs gjerne på oss i bøn! Me har det fint og kjenner på godt fellesskap og gode dagar!
Håper alle de der heime har det fint – held dokk fast i vindkasta!

På gjensyn! Hasta la vista! «

This slideshow requires JavaScript.