22 elevar, éin flyplass og eit stort eventyr


Haustferien var endeleg over og dagen alle venter på når dei starter på Tryggheim Strand var eit faktum for årets 10.klasse, Spaniaeventyret kunne begynne.

kl.18.00 skulle 22 eventyrlystne ungdom møte på Sola, og kl 18.13 hadde alle saman sjekka inn og sendt bagasjen. For ein flying start!

Så kom det melding frå Norwegian av vi berre kunne ta det heilt med ro, for dei gav oss éin time ekstra tid på Sola.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein laaang reise og derav kort natt, våkna vi i 8-tida til ein strålande soloppgong og første dag i Spania. Humøret og forventningen til ein spanande dag på tur prega gruppa og stemningen var upåklageleg. Frukosten smakte dei aller fleste og vart inntatt i lette somarklede inne og ute.

09.10 var alle 22 til samling om dagens ord med song og bønn til. Så starta skuledagen med ein bibeltime om grunnsanningar i den kristne trua. Kristian Fagerli delte med historisk innsikt om kven Gud er og mennesket sin verdi, i sterk motsetning til darwinismen som gjerne trekk menneskeverdet ned på eit nivå der berre dei sterkaste og beste har rett på livet.

Neste time var det teori om symjing og planlegging Stine si pålagte symjetrening i løpet av turen. Kor langt kan dei svømme på 20 minutt?

Kl 12:30 var det tid for lunsj og skulefri resten av dagen. Då kunne vi teste bassenget, sjekke ut Alfaz sentrum og bli kjent med nabolaget. Det er ein kolossalt kjekk 10.klasse som er på tur, og det ser ut til at alle koser seg og finn seg til rette.

               

 

 

 

 

 

 

Euroen får bein å gå på, så allereie imorgon blir det ein mattetime med valuta og omrekning til norske kroner. Forhåpentligvis lærer ungdommen at ting ikkje er «gratis» i Spania heller, «Hæ? Er det gebyrer? Kva er det?”

Roen har senka seg på Sentro Sarepta, dei meksikanske hattane lagt på hylla og kven som var Mafia vart nettopp avslørt. Vaksne og ungdommar har satt ord på kva dei har vore takksame for i dag, og hatt kveldsamling om kva det vil seie å tru. Stolen held deg sjølv om du sett deg ned i den med stor eller liten tru. Det handler om stolen, ikkje om du har stor eller liten tru, og slik er det også med Jesus. Vi gler oss til nye eventyr i morgon. Bjarne har invitert på joggings kl. 07.30. Så får vi sjå om nokon dukker opp. Hasta mañana!