Bassengliv, fellesskap og gode minner!
I skrivende stund har faktisk avreisedagen kommet. Om eit par timar bler me henta av bussen som skal frakte oss til flyplassen i Alicante.
Me har brukt eit døgn på akklimatisering etter storbyturen til Valencia. Fredag var ein litt meir roleg dag. Me åt frukost saman. Me får godt stell, med youghurt, baguettar, pålegg og eggerøre. Overgangen til å måtte lage mat sjølv bler nok litt bratt, men me får gjere så godt me kan.
Morgonsamling og bibeltime sto så for tur. Johannes Kleppa fortalte engasjert frå Bibelen til oss og dei andre som er på senteret. Om du lurer på kven «dei andre» er så er det deltakere på fjellvandringsleiren som er her denne veka. Ein fin gjeng som skryter av ungdomsgjengen vår!
Det blei også ein tur på La Marina, eit kjøpesenter utanfor Benidorm, etter lunsj.
På kveldstid har me kveldssamlingar, ein for gutane og ein for jentene. Der prater me heilt uformelt om korleis me har det, kva me har opplevd og reflekterer over ulike tema som til dømes «Kva vil det sei å tru», «Kva lar me oss underholde av» og «Korleis møte andre mennesker».
Når undertegnede, også kjent som hevdakum-joggaren, skriver dette, så er det full fres i bassenget og god stemning. Me nyter dei siste timane til det fulle før går heim til Noreg!
Takk til alle som har hugsa på oss på turen!
Det har vore ein fornøyelse!
Hasta la vista 

