Verdas beste dag!


For tida har me her på Tryggheim eit ekstra fokus på å  bry oss om, og sjå kvarandre.  For å overraske og skape god stemning vart elevane idag møtt med musikk, tente lys og varm kakao før skulen starta.
Heile skulen, både ansatte og elevar fekk ei hyggeleg stund saman før me kasta oss over dagens utfordringar og gleder. Det var mykje smil, latter og gode augneblink å sjå. Det er godt med ein slik start på dagen. Nokon mente også at dette var verdas beste dag. Før me gjekk til  klassane avslutta me også med ei felles andakt.

Kor mange smil har du delt ut i dag?

«Lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.»
Hebr. 10, 24