Velkommen til nytt skuleår!


No er det øyeblikk klart for nytt skuleår her på Tryggheim Strand.
Me gler oss til å ta imot nye og gamle elevar, og er i full gang med forberedingar.
Alle klassane startar torsdag 15. August kl 08.30 og skuledagen varer fram til kl 14.00.
Då skal me gjere mykje kjekt i alle klassane og riste oss godt saman, klar for eit nytt skuleår.
Som vanleg er det nokre nye både i klassane og personalet. Ta gjerne turen innom tilsette-sida og les meir om dei .
Skuleruta for 2019/2020 ligg her og ordensreglementet ligg her. Anbefalar dykk å sjå gjennom dette. 🙂
Me sjåast på torsdag!