Uteskule i 1.-2. klasse


Som mange kanskje veit har 1.-2. klasse her på Tryggheim uteskule kvar torsdag. Då går me ut av klasserommet store deler av dagen og bruker andre stader som læringsarena.  For det meste er dette naturen i nærområdet til skulen, men av og til legg me inn nokre større eller mindre utflukter.

Mat og helse i skogen. Her er det grønnsakssuppe dei kokkelerar med.

I løpet av ein  uteskuledag har me mange ulike fag.

Me reknar, tel og har leikar der me tek i bruk matematiske ferdigheter.  Me går tur, klatrar, sagar og spikrar og får utfordra både grov- og finmotorikk. Me snakkar engelsk, lagar mat og har all naturfag og samfunnsfagundervisning i løpet uteskuledagen.  På slutten av dagen lagar me tekst saman om det me har opplevd på tur.

Det er fantastisk med all planlagt læring. Undervisning lagt opp etter kompetansemål og fag. Men på uteskule er det så mykje anna i tillegg. Mykje spontan læring som berre skjer. Plutseleg dukkar det opp ein fossekall i elva, eller det er flom der bålet skulle ha vore.  Me leikar bukkene bruse over brua, ser  korleis vatnet beveger seg i terrenget, korleis bålet brenn – eller ikkje brenn. Elevane måler lengder på pinnar til hytta ser kva som lev i bekken – og havnar ut i bekken sjølv av og til også.

Ein ivrig byggmester.

I tillegg til timeplanfaga ligg det mykje øving på sosiale ferdigheter i ein slik type skuledag.  Dette er ein verdifull og læringsrik dag på mange måtar, og me ser at elevane stortrivst med ein annleis skuledag. 

Me lærer om dei ytre kroppsdelane.

Matteleik med tallinja.

Bålgjengen. 🙂 Det er stas å få fyr på bålet med tennstål!