Tur til Holtaheia


På uteskulen forrige veke reiste 1.-2. klasse litt lenger enn vanleg. Me måtte  benytte oss av fineveret og planen var å finne dyrespor. Derfor gjekk turen til Holtaheia. Me hadde ein fin dag i nydeleg natur. Me gjekk innover og hadde base ved foten av Storehornåsen.
Det vart ein veldig lærerik dag. Me fann dyrespor og studerte dyrebæsj for å finne ut kva dyr der var i området, og helste på ei mus på vegen bort. Me lærte litt om både is, snø og vatn, og landskapsformer. I løpet av dagen var ein stor del av gjengen oppe på Storehornåsen. Det var ein fin tur med flotte utsikt. Dette var ein kjekke dag!
  • 20180104_125022
  • 20180104_112003
  • 20180104_104448
  • 20180104_094103