Tilbakeblikk på desember


Vi har akkurat vore gjennom ein flott desember månad.
Her kjem nokre tilbakeblikk 🙂

Julespelet samla omlag 600 skodelystne gjestar

20161207_182618

I starten av desember gjekk haustens høgdepunkt av stabelen. Til saman omlag 600 skodelystne gjestar fekk i år med seg julespelet med innhald av evighetsverdi, til glede og julestemning for små og store.

 

Tentamen som gir meirsmak

Då 8.trinn skulle ha sin aller fyrste tentamen på ungdomsskulen, var det kjekt å kunne glede dei med noko godt å bite i, så dei kunne yte sitt aller beste på prøva. Same dag bakte resten av klassen, altså desse kjekke 7.klasse-elevane, heimelaga grove pizzahorn, som dei til stor overrasking serverte medelevane sine!??? Det er kjekt å kunne oppmuntre andre, og det blei heldigvis ein smakebit på dei tre som laga og.?

img_2837-1

img_2843-1

img_2847

7. og 8. klasse overnatta på skulen

fil_000

Som ei juleavslutning fekk 7. og 8. klasse ha skulen og idrettshallen for seg sjølv ein kveld og ei natt, og overnatta til siste skuledag før jul. Dei åt pizza, hadde konkurransar og leika seg, og fekk til og med frukost servert av sjølvaste rektor på morgonkvisten.