Søndag


I dag har me fått vere med på gudstjeneste saman med nokre av misjonærane her i Peru. Det var veldig likt eit møte på bedehuset heime. Me prøvde så godt me kunne å synge med på dei spanske songane og fekk god oversetting av Tore. Pastoren talte ut i frå Lukas 2, då dei brakte Jesus til tempeletet. Han ba oss og helsa Noreg og takka for at me hadde kome med evangeliet til Peru.  Etter gudstjenesta vart til det middag ut med gjengen. Ved bordet var det hyggeleg stemning, leik og latter.  Me har det kjekt ilag!

Ettermiddagen vart tilbrakt på kaffe heime hjå Tore og Ragnhild, og ein tur til Ruta del Sillar. Det er steinbruddet i utkanten av byen der dei tar ut lavastein. Dette er ein av byens serverdigheiter. Arequipa blir kalla den kvite byen, då mange bygningar er bygd opp av denne steinen.

 

No er me pakka og klar til å reise vidare. I morgon tar me buss opp til Juliaca kor me skal tilbringe dei neste dagane. Juliaca ligg på 3825moh så me er litt spent på korleis det blir å reise opp i høgda. Det har vore veldig fint å vere her i Arequipa. Alle me møter er positive, imøtekomande og gjestfrie. Me blir møtt med varme smil kor enn me går. Her har me noko å læra i Noreg.