«Level up» med å lese bøker i sommar!


sommarles.no kan du logge deg inn, og registrere bøker du les i sommar. Dette er motiverande og kjekt, og du kan også følgje med på venene dine korleis dei ligg an i lesinga si.

Sommarles er ein felles lesekampanje for 300 deltakande kommunar i landet. Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. Du samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom ditt lokale bibliotek for å hente kodeord, og framfor alt – les så mange bøker du berre orkar i løpet av sommarferien! I år får du dessutan eksklusiv tilgang til ei spesialskriven sommarlesforteljing, ei fantasyforteljing av forfattaren Mari Moen Holsve. Du vinn digitale trofé i tillegg til små premiar du hentar på biblioteket ditt. Det er mange ulike premiar å velje mellom, og du får beskjed, når du har samla nok XP til å hente ein premie.