Skuletur til Noas Ark

Skulen foran Noas Ark

Som ei fin avslutning før haustferien vitja vi idag ein småskalamodell av Noas Ark i Stavanger. Turen var ei oppleving for både vaksne og born. I arken kunne vi finna utstilte dyr og skulpturar og også nokre levande skapningar, som pytonslange og kaniner. I dei forskjellige romma i arken kunne vi sjå fleire av dei sentrale bibelhistoriane utspela seg, og den flotte kunsten og utskjæringane i arken ga rom for ettertanke og djupare refleksjon (vi fekk òg hjelp av plansjar når vi var i tvil 🙂 ).

Heile gjengen samla på brugangen til Arken

Heile gjengen samla på brugangen til Arken

Renate, Brynhild og Kristina ombord på Noas Ark

Renate, Brynhild og Kristina ombord på Noas Ark

Frileik i Geoparken utanfor Oljemuseet

Frileik i Geoparken utanfor Oljemuseet

Leif Arild på Narvesen på Fiskepiren gav alle borna kvar sin pose med sjokoboller og juice

Leif Arild på Narvesen på Fiskepiren gav alle borna kvar sin pose med sjokoboller og juice til å eta på fergeturen heim.