Skulestart med mykje nytt


Nye tilskot blant dei tilsette! F.v.: Stine Nessa, Natalie Bjørkeland og Anne-Hilde Flatland Meling

Vi går inn i eit nytt spennande skuleår, med nye fjes både blant elevar og blant dei tilsette.

Nye tilsette
Nye tilsette i år er Natalie Bjørkeland frå Fister, som nett fullførte lærarstudiet i vår, og som de gjerne allereie jenner frå kristent barne og ungdomsarbeid i området. Ho er faglærar i bl.a norsk, kunst og handverk, mat og helse.

Vidare har vi fått med oss Stine Nessa på laget. Ho er leiar for vår nyoppstarta SFO, i tillegg til at ho også bidreg i skulen. Ho er nytilflytta til Tau og har erfaring frå både skule og SFO.

Til slutt har vi fått med oss Anne-Hilde Flatland Meling, som nyleg har flytta frå Oslo til Talgje. Ho vert kontaktlærar for 5. og 6. klasse, og skal også undervise i engelsk og kroppsøving i 8. klasse.

Vi gler oss til å utvide laget både med store og små!

Skulelunsj
Men det er meir nytt i år også! I år tilbyr vi alle elevar dagleg felles skulelunsj i eiga kantine på skulen. Det vonar vi ber med seg mykje godt,- av godt fellesskap rundt borda og meir konsentrerte og motiverte elevar.

SFO
Og som vi har gått ut med tidlegare, har vi no SFO tilbod til alle som er interessert i det, uavhengig av om eleven går på skule på Tryggheim eller ikkje. Og det er ikkje for seint å ta kontakt om du ynskjer plass til borna dine.

Mykje nytt og spennande både for oss tilsette og elevar å sjå fram til i år altså.

Vel møtt til alle på skulestart torsdag 18. august, til blanke ark og nye moglegheiter! 🙂