Skulen vår


Visste du at me har elevar frå mange ulike stader her på Tryggheim Strand? Du tenkjer nok at dei fleste som går her på skulen bur her på Tau. Det stemmer nok kanskje, men me har nesten like mange som kjem frå bygdene rundt.

Som du sikkert allereie har lest over har me elevar frå både Tau, Jørpeland, Bjørheimsbygd og Nordre Strand. I tillegg kjem nokon med buss frå Årdal og Forsand. Ein god gjeng kjem og med hurtigbåt over fjorden frå Talgje og Finnøy. Dette syns me er veldig kjekt, og me syns det er positivt for miljøet på skulen at me kjem frå ulike stader. Me har intervjua 3 elevar og spurt korleis dei syns det er å gå her på skulen.

 
  • 20180525_134150
  • 20180525_133849
  • Namn: Ruben
    Klasse: 4. klasse
    Frå: Tau

    Kva syns du er kjekt med å gå på Tryggheim Strand?

    – Me lære om Jesus, og at me ikkje skal banne. Eg likar godt friminutta, og å gå på banen, være i skogen og på rampen.

    Korleis syns du det er at folk kjem frå forskjellige stader?

    – Eg syns det er bra, for då blir me kjent med mange.

  • Namn: Sebastian
    Klasse: 5. klasse
    Frå: Finnøy

    Kva syns du er kjekt med å gå på Tryggheim Strand?

    – Det er fint med venner, kjekke timar og kortare skuledagar.

    Korleis syns du det er at folk kjem frå forskjellige stadar?

    Eg syns det er bra at ikkje alle kjem frå ein plass.

  • Namn: Kasper
    Klasse: 5. klasse
    Frå: Bjørheimsbygd

    Kva syns du er kjekt med å gå på Tryggheim Strand?

    – Eg likar at det er kantine, mange kristne og at det er bra fellesskap. Også julespelet! Det gler eg meg til kvart år.

    Korleis syns du det er at folk kjem frå forskjellige stader?

    – Eg syns det er kult. Alle kan vere venner, også er det ikkje slik at gutar berre kan være med gutar, og jenter med jenter. A