Rettsak i 8.-9. klasse


Sist fredag hadde 8. og 9. klasse rettssak i klasserommet. På førehand øvde dei på sine roller og førebudde rettssaken. Hovuddomaren og dei to meddomarane hadde god kontroll på tiltalen og lovparagrafane, aktoratet gjekk grundig inn i argumenta for å døme tiltalte, medan forsvarane gjorde alt dei kunne for å førebu argument for frikjenning. 

Rettssaken vart eit oppgjer mellom forsvaret og aktoratet, der dei stilte tøffe spørsmål til vitna i vitneboksen. Journalistane, som òg dekka saken på førehand, fulgte nøye med på både vitnemåla og argumentasjonen frå partane i saken. 
Domarane fekk ei tøff oppgåve med å halde ro i salen undervegs og ikkje minst med tanke på å skilje mellom fakta og bløff, ekte og falske legeerklæringar, vitne som endra forklaring undervegs og ein tiltalt som først innrømte skyld men sidan trekte dette tilbake. 
Tiltalte vart dømd til eitt års forvaring for kroppskrenking, noko som førte til voldsomme protestar frå forsvarane. Alt i alt ein rettssak med eit voldsomt engasjement og vonlegvis god læring.