Reisebloggen del 2


Onsdag 17.oktober, og me er allereie på 3 skuledag i Spania. Det er fortsatt ikkje feil å våkne opp, dra på seg shortsen og rusle ut i hagen med frukosten ved bassenget, Nokon litt før dei andre, og nokon ikkje før Rannveig minna om at no er var tre minuttar til timen begynte. Likevel; alle på plass 09.15 til 1.time Engelsk. No skulle me skriva engelsk tekst om sjokoladefabrikken me besøkte i går.

2.time kristendom fekk me servert av Jan Tore Olsen på Centro Sarepta. Då fekk høyra om korleis israelsfolket i 4.Mos kunne sjå på kobbarslangen og unngå døden, og korleis dette peikar fram på korleis me kan sjå på Jesus.

“After -Lunch” aktivitet;

endeleg litt action! Me køyrde opp til ein klatrepark 10 min. unna. Her skulle me boltre oss frå tre til tre via hengebruer, nett, liner og zip-line. Etter 4-5 ulike løyper var me klare for “the big one” og Tarzan-Swing. Det kan ikkje forklaras må bare erfaras:).

Avslutta med 300 meter zip-line og «snoping» på El Supermercado.

Tilbake til senteret var det deilig med eit bad og avslapping ved bassenget før me fekk «magisk» kylling til middag.

Tema for kveldssamling var «Eg deler, difor er eg», ei samling med fokus på sosiale medier, vennskap, og i kva grad me kan sei oss einige i påstanden om at «likes» gjer at me føler oss verdifulle?

No har me spist Olav sin sjokolade, nokon har hatt «deep talk», nokon les i bok og andre deler moments på snap.

Takk for i dag:)