Reiseblogg del 4

Tida går så syyykt fort… kan me ikkje vere ei veke til??? Heilt serrrr liksom…..!!!

Fredag kl. 08.30 frokost, og Rannveig har heile matsalen for seg sjølv! Kl.08.45: Rannveig har fått selskap av Olav. Kl. 08.50 jentene kjem, 09.10 nesten alle har fått frokost og 09.15 er alle på plass i klasserommet. Då var det siste økt med arbeid på Spania oppgåva, opplastning av bilder og samling av informasjon. Lite friminutt før siste bibelsamling med Jan Tore, i dag om korleis Jesus viser seg som «Herrens engel» i det gamle testamentet. Korleis Han stoppa Abraham i å ofre Isak og tar Herrens vrede bort frå oss ved at han ofra seg på korset. «Sjå der Guds Lam, som ber verdens synd.»

Me legg me vekk chromebookane og sett kursen mot sentrum av Alfaz del Pi. No skulle me øve oss på spansk og sjekke ut det lokale markedet som er her på fredagar. Her bogna det av frukter og lukter, nokon betre enn andre. Her kunne me rett og slett få alt me trengte og litt til, ikkje like lett å gå frå alle dei som ville selje oss ting. Me fann  heldigvis ein supermercado der me kunne kjøpe Imsdal og Toro kaker.

Me gjekk heim igjen fann bilane og suste ned mot Albir, kom oss heilskinna gjennom rundkjøringa og fann ein parkeringsplass. No var det Shopping. Ikkje alle syns at det var noko å bruke tid på her i syden, så andre fann fort vegen ned til stranda. Her var det  «sjukt digg» rullesteinstrand og høge bølger som det var bare å hoppa rett inn i. Hadde gløymt badeshortsen då, men kva gjer vel det?;)

Andre fekk shoppe, drikke frappuchino og jammen ein french manicure. Ikkje ein dårleg dag.

 

Gutane hadde fått tid til å hoppe i bassenget før jentene kom seg heim gjennom rundkjøringa, men no var det vidare. Me vart invitert opp i feriehuset til Fam. Cornelius. Der hadde Aud og Rebekka laga til fantastisk taco, himmelsk sjokoladekake med is og kaffe til slitne lærarar;):) Elevane fekk litt dei også. Det var heller ikkje feil å øve litt meir på fallteknikkar i nytt basseng, og runde av kvelden med Mafia.

Nok ein fantastisk dag på klassetur i Spania.

I morgon er det siste dag, me må bruka opp pengene og handla meir brus sånn at me har nok til eit par veker når me kjem heim… Me skal til Benidorm før me sett kursen mot Alicante og flyplassen.

Takk for oss Spania, Sentro Sarepta og alle dykk i Norge som har vore med oss på reisa!:)

Gracias!