Reiseblogg del 3


Alle vakna dautrøtte etter endå ein sein kveld, men alle var der til den magiske frukosten 08.30. Vi slukte maten som nokre hestar og forsvann inn til mattetime. Rannveig prøvde å læra oss om valutakurs i verda, men det forsvann ut like for som det kom inn kal eg sei deg. Etter ein hard time med uforståeleg matte, var det tid for bibeltime med Jan Tore Olsen… Han snakka om David og Goliat, og korleis Gud valgte Jesus til å vere vår representant. Det var lærerikt.

Så var det ein fritime der vi kunne gjere det som fall oss naturleg. Nokon låg på rommet og sov, medan andre brukte tida fornuftig: lese «Guten i den stripete pyjamasen». Det var litt utfordrande for enkelte som ikkje hadde lest ei bok før, men etter litt strev og styr vart det stille og lest. Rannveig og Olav var veldig imponert over dei flotte og flinke elevane sine som leste ute i den varme solsteiken. Etter hard lesing var det duka for nydelieg lunsj med litt av kvart. Smakte himmelsk.

Men me kunne ikkje ligge på latsida. I dag var det jo kroppsøving i fokus: Me skulle Bestige Calpe-fjellet. Toppen kunne me sjå i det fjerne og hjarte dunka allereie før vi hadde begynt. Her kom det til å bli bratt. Og bratt blei det, stupbratt… På eit tidspunkt var det stor usikkerheit om vi kom til å få klassebilete på toppen. Men denne gjengen veit verkeleg kva det vil seia å dra kvarandre opp, og gjere kvarandre gode. Team 10. klasse viste fram magiske sider av seg sjølvl, og resultatet viser på bildene.

 

Legendarisk klassebilete.

Vi fikk litt mindre tid enn vi hadde tenkt. Berre  Simen rakk å springe ut i middelhavet i dag, vi måtte rekke pizza på Centro Sarepta. Sjeldan har det smakt betre med middag. Vi måtte også ha litt påfyll i kofferten, så då måtte vi sjekke ut Supermercadoen i Alfaz, før vi fekk herja frå oss i bassenget. Vi har hatt samling om verdiar og val, og tenkt kloke tankar om livet.  No chillar vi i sofaen med tiktok og musikk, og ladar opp til ein ny dag. Då får me bruk for mattekunnskapar om valuta, så får me sjå korleis det går.