Skulemiljø


Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Som elev skal du kunne forvente ein skulekvardag utan vald, mobbing, diskriminering eller trakassering. Ingen skal bli utsette for krenkande ord eller handlingar. 

Dersom du skulle oppleve at du ikkje har det trygt og godt er det viktig at du varslar frå om dette til rektor eller kontaktlærar slik at skulen kan gjere noko for at du skal få det trygt og godt igjen. Skulen har ein handlingsplan for eit trygt og godt skulemiljø som alle som arbeider på skulen er forplikta til å fylgje. Alle som arbeider på skulen har ein aktivitetsplikt – det vil seie at alle har ein plikt til å undersøke, varsle og setje i gong tiltak dersom ein trur eller veit at nokon ikkje har det trygt og godt.

Det er òg høve til å varsle direkte til Fylkesmannen. Videoen nedanfor gir meir informasjon om dette. 

 

Handlingsplan for eit trygt og godt skulemiljø ved Tryggheim Strand