Onsdag 16 september


Denne dagen våkna vi opp til ein nydelig dag på Hermon. Vi starta dagen med samling i stova, der Olav hadde ein fin andakt.

Etterpå gjekk vi opp til matsalen og åt nok ein gong ein veldig god frokost.

I dag hadde vi faga engelsk og norsk. I engelsken såg vi 2 episode av The chosen. Vi blei betre kjent med karakterene i serien. I norsken fortsatte vi med boka “ Gutten i den stripete pysjamasen”.

Etter lunsj dro vi til Halletjønn. Eit nydeleg plass med fantastisk utsikt og fin strand.

Nokre grilla marshmallows og drakk kakao, medan andre prøvde seg på fiskelykken.

I dag var vi så heldige å få bibeltime av Arne Håtveit, han og kona var med på å grunnla plassen Hermon. Vi fekk høyre mykje interessant om korleis Hermon blei til og ein veldig bra andakt. Eg trur alle lærte av andakten at ein kanskje skal prøve å OPPMUNTRE folk endå meir!

På ettermiddagen ville nokre gå å bade, medan andre berre slappa av på rommet eller i stova. Vi fekk nok ein gong ein nydeleg middag. Snitzel med bakte poteter, paprikasaus og riskrem til dessert. Eg trur vi alle er einige i at vi alltid får god mat.

På kvelden hadde vi samling i stova igjen med fun fact og mykje kjekke leikar.

Eg trur alle er fornøyde med dagen og gler seg til neste dag. God natt!