Misjonsdagen 2018

Forrige veke var det eit av årets store happeningar her på Tryggheim Strand. Då var det årets misjonsdag. Den gjekk av stabelen i strålande ver og fullt hus.
Me har samla inn
0
kroner

Vi kunne ha kalt det misjonsfest, for det var ein fest. Ein veldig flott ettermiddag med både elevar, familie, vener og andre som hadde tatt turen. Det var middagsservering, kaker og kaffe, leikar og aktiviteter og ikkje minst misjonsløpet. Alt til inntekt for årets misjonsprosjekt. Elevane sjølv har vore med å bakt kaker, rigga til fest, og mange stod på post under misjonsdagen. Det var også loddtrekning med formidable gevinstar. Dagen vart avslutta slik som tidlegare ved at mange foreldre og ansatte sprang løp, imens ungane fekk kjøpe vannballongar og kaste på dei.

I år gjekk pengane til NLM sitt arbeid i Vest Afrika. Der har dei arbeid i Mali og Elfenbenskysten og er med i ulikt arbeid innan evangelisering, medie-, litteratur- og utviklingsarbeid. 

På misjonsdagen var det også sang av ansatte og skulekoret, og ein apell av Fredrik Berge. Han og familien er misjonærar der nede til vanleg, og han har i løpet av året gitt oss eit lite innblikk i kva arbeidet der nede går ut på. 

Det var mykje som vart samla inn i løpet av dagen, og den iveren som mange har hatt i forkant av dagen har vore flott å sjå. Nokre har solgt loddbok etter loddbok, imens andre fekk uttallige sponsorar til løpet.  Å bidra og gje til misjonen er givande og kjekt . Med litt innsats kvar blir det mykje til saman. Det er knallkjekt at me klarte å samla inn ca 110 000 kr. Tusen takk til alle som har bidratt på ulike måtar, både sponsorar og kjøp av lodd. 

  • IMG_20180606_164933884_HDR
  • IMG_6988
  • IMG_6509
  • IMG_6508
  • IMG_6504
  • IMG_6500
  • IMG_6499
  • IMG_6499
  • IMG_6494 (1)
  • IMG_6425
  • 20180606_172747
  • received_322238804971058
  • IMG_20180606_170434056_HDR
Tusen takk til alle som har sponsa oss med gevinstar:
  • norsk barneblad
  • verbum
  • strand rør
  • jens bjelland
  • gea trafikksenter
  • sandnes garn
  • fagmøbler
  • ringo
  • mx-sport
  • galleriet
  • adam og eva
  • itro
  • magnhild bjørkeland
  • mesterlys
  • årdal landbruk
  • strand hårdesign
  • kiwi jørpeland
  • motehuset byberg
  • rema 1000
  • gitte k strand hårdesign
  • coop extra hillevåg
  • colorline
  • fjordline
  • flor og fjære
  • bø i sommerland
  • rush trampolinepark
  • oilers
  • kongeparken
  • utsyn
  • superblink
  • norsk oljemuseum
  • egon
  • sørmarka arena
  • gard gartneri
  • ordet er ditt
  • circel-k