Misjonsarbeid og turist i Arequipa


No har me vore på tur ei heil veke, og me har fått veldig mange inntrykk og opplevingar her i Peru. Dei siste dagane har me vore i Arequipa. Me har fått ei god innføring i kva misjonsarbeid som blir gjort her, fått omvisning på Setela og blitt kjent med mange av misjonærane her. I tillegg har me og fått vore litt turistar i byen.
Fredag starta dagen med ein tur til misjonskontoret her i Peru, info om misjonsarbeidet, kva kyrkja i Peru gjer og ei omvisning på Setela av rektor Felix. Setela er ein bibelskule drevet av kyrkja her i Peru, finansiert av misjonen. Det går 17 elevar her i år. Rektor uttrykte stor takknemlegheit for støtta som blir gitt frå norske gjevarar og hjelpa dei får frå dei norske misjonærane.  Misjonskontoret er i lokalene der den norske skulen var før, og me studerte bileta av gamle elevar. Me fann Rannveig!
Me hadde hørt rykter om godt og billig garn før me reiste, og det var obligatorisk med ein tur på garnutsalget.  Her fekk me kjøpt 1 kilo garn for 40 soles  (120 norske kroner). For dykk som ikkje er inne i garnprisane – i Noreg ligg prisen på ca 60 kr for 25g.  Me har og vore innom eit museum å helst på alpakka og lama, og lært litt om prosessen rundt industrien.
På ettermiddagen tok me turen ned til sentrum i Arequipa og Plaza de Armas. Me fekk sett litt på gatelivet i byen, katedralen og salgsgatene.  Her fekk me testa ut både spansken og pruteegenskapane.  Synne og Ivar utmerka seg til å vere ekspertar på området. Det er veldig spanande å snakka med folk me treff, og me har hatt gode samtalar med enkeltmennesker.
Laurdag har vore fridag, og til fri disposisjon.  Då vart det ein god tur på markedet saman med Ragnhild. Det var ei oppleving av dei sjeldne! Gatene fulle av folk ute på dagens handel, selgarar  langs gatene og alt du kunne ønskje av frukt og grønt, kjøtt og fisk, klede og sko.  Det gjekk i høgt tempo, og det var berre å følgje med og ta inn alle inntrykka undervegs. Me fekk kjøpt litt frukt, “merkeklede” og sett korleis dei sel fersk kjøtt og fisk på markedet. Det er ikkje heilt slik me er vande med her i Noreg. I løpet av markedturen fekk Ivar til og med pussa skoa sine!
Seinare på dagen vart det ein ny tur ned til Plaza for å kjøpe fleire suvenirar.  Me blir godt tekne vare på av misjonærane her nede. God mat, mykje god juice og lemonade, gode guidar og oversettarar. For ein gjeng med fantastisk flotte folk! Me er takknemlege for måten me er blitt tekne i mot på her. Denne gjengen gjer ein utruleg bra jobb. Ver med å be for dei, familiane, lei lokale kristne her og kyrkjene.