Mellomtrinnet vitja Mølleparkens venner

Kvernhusa i Mølleparken

Mellomtrinnet på Tryggheim Strand var så heldige å få vitja dei sentrale bygga i Mølleparken denne veka. Til å visa rundt stilte Mølleparkens Venner velvillig med to historiekunnige frivillige, Harald Kleven og Kåre Tjøstheim. Elevane fekk sjå innsida av, og høyre historier knytt til, Låven, Mølla, Kvernhuset, Lysthuset og ikkje minst Direktørboligen. Vitjinga var ei av fleire kjærkomne utflukter knytt til eit pågåande prosjekt om arkitektur og brukskunst i Kunst og Handtverk-faget for mellomtrinnet på Tryggheim Strand.

Automatisert utmating av korn, forårsaka av vibrasjonar. Finurlige løysningar på enkle problem var mogleg òg i gamle tider.

Automatisert utmating av korn, forårsaka av vibrasjonar. Finurlige løysningar på enkle problem var mogleg òg i gamle tider.

Elevane høyrer godt etter når Harald Kleven fortel om korleis kornet vart handsama i gamal tid

Elevane høyrer godt etter når Harald Kleven fortel om korleis kornet vart handsama i gamal tid

Kåre Tjøstheim demonstrerar eldgamle metodar

Kåre Tjøstheim demonstrerar eldgamle metodar

Kåre Tjøstheim t.v. og Harald Kleven t.h. stilte velvillige opp og fortalte oss historia til bygningane i Mølleparken.

Kåre Tjøstheim t.v. og Harald Kleven t.h. stilte velvillige opp og fortalte oss historia til bygningane i Mølleparken.

Bakarovnen i kjellaren i Direktørboligen må besøkast!

Bakarovnen i kjellaren i Direktørboligen kjem vi ikkje utanom!