Mellomtrinnet på Tryggheim til Viking Stadion!


Torsdag i veke 42 reiste heile mellomtrinnet på Tryggheim til Viking Stadion. Fokuset skulle setjast på entusiasme og venskap – perfekt for vår entusiastiske gjeng!

Vi vart synt rundt på anlegget og kan skilte med å vore rundt på alle dei viktige romma på stadionen. Heimegarderoben var rigga klar til kampen mot Ålesund så me fekk sjå alle draktene som hang klare til spelerane. Elevane lærte om førebuing til kamp, kven som gjorde kva i klubben og aller viktigast lærte dei om korleis ein som lag kan stå opp mot mobbing. Saman er ein verkeleg sterkare mot dei som mobbar.

Til slutt fekk dei autografer på både t-skjorter og penal, og turen gjekk ut på stadion for å ta lagbilete. Alle fekk med seg billettar heim til sesongens siste kamp mot Vålerenga 6. november.

På ferja kosa vi oss ekstra med diverse godsaker og brus. Takk for turen!

saraogsofia

ute

heimegard

ferja3

ferja2

ferja