Leirskule i Trodla-Tysdal

Ein nydeleg plass

Onsdag til fredag i førre veke reiste heile mellomsteget frå Tryggheim Strand på Leirskule-tur til Trodla-Tysdal. Med fullpakka sekkar med fiskestenger, symjeklede, godt humør og rikeleg med proviant, bar det ut på tur frå Kleivaland onsdags morgon.

I løpet av dei neste to dagane skulle elvane få utforska grotter, prøva fiskelukka, få utfordra dei små grå og sin eigen fysikk i rebusløp og tevlingar, kosa seg med å bada og leika, læra fyrstehjelp, få høyra gode historiar, og mykje meir.

Då turen var over sa ein av elevane til rektor då ho spurde om turen hadde vore fin: ”Det var berre ein ting som var dumt med turen; eg skulle så gjerne ha vore der ein dag til.”

Så med både mykje mat til overs (vi tek lærdom av det) og mange nye gode minner i bagasjen, fekk vi samla tankane og mentalt førebu oss på kvardagen igjen, medan hovdingen av Trodla-Tysdal; Kjell Tysdal, frakta oss over det omlag to mil lange vatnet tilbake til sivilisasjonen.

Og som ei kvar god soge sluttar: Og alle var samde om at dei hadde hatt ein fin tur.

Ang. bileta: Turen startar i botn.

Ein avsluttande seilas med Kjell Tysdal

Ein avsluttande seilas med Kjell Tysdal

For kvart pip på ekkoloddet var det ein fisk å sjå på skjermen!

For kvart pip på ekkoloddet var det ein fisk å sjå på skjermen!

Fyrstehjelpskurs med Inghild

Fyrstehjelpskurs med Inghild

Godt å vere førebudd

Godt å vere førebudd

25

Grottevandring i steinrøysa

Grottevandring i steinrøysa

Vinnarlaget tenkar intenst over løysningsordet før sigeren var avklåra. Gratulera!

Vinnarlaget tenkar intenst over løysningsordet før sigeren var avklåra. Gratulera!

Finale - nøkkelen til rebusløpet er her akkurat delt ut

Finale – nøkkelen til rebusløpet er her akkurat delt ut

Fiskelukka må prøvast!

Fiskelukka må prøvast!

Ein god plass er viktig, om ein så må ofra sine tørre sko.

Ein god plass er viktig, om ein så må ofra sine tørre sko.

Del gruppa i to, og få din motpart til å teikna ein bokstav ved å berre nytta koordinater.

Del gruppa i to, og få din motpart til å teikna ein bokstav ved å berre nytta koordinater.

Postane må lesast nøye først!

Postane må lesast nøye først!

Pizza i primusovn gjekk godt, men tok mykje tid.

Pizza i primusovn gjekk godt, men tok mykje tid.

Sjefen over pizzadeigen

Sjefen over pizzadeigen

Bålkos på kvelden er viktig :)

Bålkos på kvelden er viktig :)

Kun sittande og kniven vekk frå deg.

Kun sittande og kniven vekk frå deg.

Grillmat etter ei lang vandring gjer godt for både kropp og sinn!

Grillmat etter ei lang vandring gjer godt for både kropp og sinn!

Ein nydeleg plass

Ein nydeleg plass

Første synet av garden

Første synet av garden

Nesten framme, og turhumøret framleis på topp!

Nesten framme, og turhumøret framleis på topp!

Dommedagssteinen som tilsynelatande heng kun på gamal vane

Dommedagssteinen som tilsynelatande heng kun på gamal vane

Langs stien til Trodla-Tysdal må ein over elver og under stein og fjell

Langs stien til Trodla-Tysdal må ein over elver og under stein og fjell

Flotte fossar fekk vi òg sjå langs stien

Flotte fossar fekk vi òg sjå langs stien

Ord blir fattige.

Ord blir fattige.

Ein annan av dei gamle gardane langs stien frå Kleivaland.

Ein annan av dei gamle gardane langs stien frå Kleivaland.

Lunsjpause og kappløp som pauseunderholdning for dei ivrigaste høyrer til

Lunsjpause og kappløp som pauseunderholdning for dei ivrigaste høyrer til

05

Ein av gardane langs stien frå Kleivaland.

Ein av gardane langs stien frå Kleivaland.

Sekkane må vere godt justerte for å fordele vekta godt.

Sekkane må vere godt justerte for å fordele vekta godt.

Vi startar på turen for alvor!

Vi startar på turen for alvor!

Kursen må takast ut.

Kursen må takast ut.