Kvifor kristen friskule?


Tryggheim Strand er godkjend av norske styresmakter etter friskolelova på bakgrunn av livssyn. Ut i frå denne godkjenninga skal skulen vektlegge og synleggjere det kristne livssynet og verdigrunnlaget.

 

Tryggheim Strand har ein egen læreplan i kristendomskunnskap, men fylgjer dei andre læreplanane i faga etter LK020 slik som dei offentlege skulane. I nokre av faga har vi eit tillegg til læreplanen som skal synleggjere den kristne profilen til skulen. Elevane våre gjennomfører nasjonale kartlegginger undervegs og gjennomfører ordinær grunnskuleeksamen etter 10. trinn.

Det er ein menneskerett å kunne velge opplæring for borna sine. Foreldre har rett til å gje borna sine ei utdanning og undervisning som står i høve til den religiøse og filosofiske overtyding deira. Kristne friskular er med på å sikre at denne retten er til stades. Tryggheim Strand er tufta på dei kristne evanglisk-lutherske verdiane. Ettersom endringar i samfunnet gjer at ein stadig fjernar seg frå den kristne kulturarven og det kristne samfunnsfundamentet, blir det ennå viktigare at ein kan ha eit reelt og godt alternativ. 

Elevane skal dannast og utdannast til å møte verda og framtida. Hjå oss blir elevane møtt med eit tydeleg forankra verdigrunnlag. Den kristne trua gjev retning både i verdiar, etikk, menneskesyn, undervisning og for råmene rundt skulen og livet elles. Sjølv om Tryggheim Strand er ein kristen skule, er det ikkje eit krav om at elevane skal vera det. Me har elevar frå ulike bakgrunnar og med ulike syn og alle skal oppleve å bli møtt med respekt for det dei står for. 

Hjå oss skal den enkelte få høve til å bruke alle sine evner og gåver, bli møtt med omsorg og tilgjeving og få lov til å starte på nytt alle dei gongene det er behov for det. Hjå oss kjem den kristne trua til uttrykk i form av bordverds, andaktar i klasserommet, eige kristendomsfag og elles i måten me møter kvarandre og elevane på. Dei vaksne på skulen skal vera gode rollemodellar der nestekjærleik og tilgjeving står sentralt i møte med elevane kva einaste dag.

Det kristne grunnlaget ved skulen kjem mellom anna til uttrykk ved at vi: 

  • Har morgonsamling i klasserommet kvar dag der vi les frå Bibelen, bed og/eller syng ei salme eller ein song med kristent innhald saman

  • Syng bordvers og takkar for maten etterpå

  • Avsluttar dagen med å be ei bøn eller velsigninga saman

  • Har fellessamlingar på skulen med fokus på tema med kristent innhald

  • Fylgjer kyrkjeåret og markerer kristne høgtider

  • Arrangerer julespel kvart år der juleevangeliet står i fokus

  • Aktivt støttar Norsk Luthersk Misjonssamband sitt misjonsarbeid gjennom årlege misjonsprosjekt