Kreativ matteundervisning


Titalsystemet, dei fire rekneartane, negative tal og rekning med parantesar – berre noko av alt det 7. klasse har vore innom i matten dei første vekene på skulen etter ferien.

Me var klare for ein oppsummering, og spelte mattescrabble.
Klassen blei delt i to lag, og for eit engasjement og samarbeid det blei! Kateteret var fult opp med ulike oppgåver, henta frå kapittelet dei har arbeida med. Elevane kunne velje fritt mellom desse oppgåvene. Dei sprang skyttel mellom pulten og kateteret for å hente nye oppgåver når ei var gjennomført. Etter kvar oppgåve som blei gjort, fekk elevane trekke bokstavar som hadde ulike poeng. Bokstavane blei brukt til å lage kryssord, og vinnaren var dei som klarte å lage flest mogleg ord ut frå bokstavane som var blitt trekt.
«Me kan ikkje ha friminutt ennå», var beskjeden som kom når det var tid for friminutt.