Kokkekamp over bålet


Ein heilt vanleg tysdag bestemte vi oss for at det var på tide å gjere noko uvanleg: kokkekamp ute for heile mellomtrinnet. Elevane vart delt inn i grupper på tvers av klassene og fekk i oppgåve å lage eit festmåltid over bål. Like mykje som resultatet var viktig, var og vegen dit med på å avgjere dommaren si avgjerd. Samarbeid, budsjetthandtering og endeleg resultat vart teke med i vurderinga.

Gruppene fekk 250 kr kvar, dei planla menyen og var sjølv nede på butikken for å handle inn. Resten av dagen gjekk med til matlaginga, opptenning av bål og opprydding.

Gruppe to, som bestod av Sofia, Mathias, Mari og Lars, vann kokkekampen med klassikaren «Skau-kebab».

Morosam og innhaldsrik dag med matrettar som skau-kebab, spaghetti og kjøttdeig, burger og laksepakke på bål. Dette blir nok heilt sikkert ikkje siste kokkekamp over bål her på Tryggheim Strand.

20170523_130202

20170523_123423

20170523_125636

20170523_125911

20170523_125909