Julespelet 2017


Me har øvd på korsongar og soloar sidan starten av november. Me har laga kulisser og sydd på kostymer i fleire veker. Me har organisert kven som skal ha mikrofonar og lys til ei kvar tid, og diska opp med bollar under øvingane. Me har pugga replikkar og øvd time etter time. Nokre av elevane har gleda seg til dette sidan første skuledag i August og endeleg var dagen her.
I går kveld gjekk årets julespel av stabelen på Tryggheim Strand. Då var det framsyning for over 300 foreldre og venner og påfølgande grautfest. I dag tidlig var det førskulegruppene på Tau, og skuleelevar som fekk sjå julebodskapet.  For ein fest og for ein innsats! Alle frå 1. -9. klasse har vore med å bidratt, og gjort ein formidabel innsats både som skodespelarar og crew. Det har vore veldig kjekt å halde på med dette saman.  For nokre veker, for ei framsyning og for ein fantastisk gjeng. Me er stolte av denne gjengen og alle har gjort ein kjempejobb!
Me er og heldige som får ha dette fokuset i adventstida, og det betyr mykje for både elevar og ansette å få gå mot jul med Jesus i sentrum.  Me håpar alle som har vore å sett på har fått med seg noko og vil ynskje alle ei velsigna adventstid vidare.
Bilete frå framsyninga kjem…
«Det var godt at du kom Herre Jesus, for du kom med ein fullnad av fred. Du stod opp att og evig du lever. Kvar ein dag, kvar ei stund er du med.»