Gratulerer med ny skule!

I dag tidleg var det stor feiring med flagg og kaker her på skulen.  Hovudstyret i NLM har gitt grønt lys for økonomisk støtte til ny skule. Dette vart einstemmig vedtatt på styremøte i går kveld.  Det er klarsignalet for å skrive kontrakt med entrepenør.

Med flagget til topps har skuledagen vore prega av gledestårar, jubelrop og store smil. No kjem me endeleg snart i gang med bygginga av nyskulen.   Lokala på aktivitetshuset blir trongare for kvart år, og me treng verkeleg ny skule. Me er så takknemlege for å få lov til å byggja,  og vil spesielt takke alle kjente som er med å ber for skulen og støtter skulen økonomisk.

Oppfordrer igjen kjente og ukjente til å bli med på 100×100 aksjonen og støtte skulebygginga. Sjå meir her: 100×100 aksjonen – oppdatering